|
02.05.09 -
Møhlenpris: Djerv – ENK 0-2
Spillere: Stine, Karoline, Ingvild,
Janne, Marit, Yvonne, Ann Kristin, Linda, Linn, Mailinn, Tone,
Lina, Line, Stine G, Sunniva, Lise
Kampen på Møhlenpris startar jamt.
Etter sju minutt får me spelt ballen inn i
bakrommet. Linda startar perfekt og med kraft og fart drar ho
seg fri. Dessverre sklir ho i det ho skal avslutta og
avslutninga vert ufarleg. Me held oppe trykket og skapar fleire
farlege sjansar. Etter 12 minutt kjem Lina igjen til avslutning.
Men i det ho skal skyta skjer det som ikkje skulle skje, og ho
må forlata bana med ein strekkskade i låret. Like etter er det
ENK sin tur til å vera farleg frampå, men skotet frå venstre går
i nettveggen. Etter at Lina måtte gå ut er me mindre flinke til
å trua rommet bak midtstopparane til ENK, likevel kjem me til
fleire farlege sjansar. Tone skyt like på utsida av krysset og
Linn skyt rett på målvakten frå kort hald. ENK har òg sine
sjansar. Særleg er dei farlege når dei angrip med dei to kjappe
og direkte kantspelarane sine. Like før pause får dei ein farleg
dobbeltsjanse. Først reddar Stina, deretter er det stolperota
som bergar oss frå ei skåring på verst tenkelege tidspunkt. Når
me går til pause er me godt fornøgd med innsatsen og spelet, men
mindre fornøgd med at me ikkje greier å utnytta dei store
målsjansane. Men me har greidd å stå godt i mot hurtigtoga på
kantane, som me på førehand visste kom til å verta ei
utfordring.
I pausen vert me samde om å halda fast på
442-formasjonen, for ikkje å blåttlegga oss på kantane. Men ut i
frå kampbiletet er det tydeleg at den første skåringa kjem til å
verta svært viktig, mot eit nordhordlandslag som veit å utnytta
overgangane. Etter pause er det derimot bortelaget som startar
best. Og i dei første minutta er det gjestane som greier å vinna
kontroll på midtbana. Seks minutt ut i omgangen skjer det som
ikkje skal skje, etter at Stine har redda eit ENK-skot vert det
kaos i feltet. Ballen hamnar på sekstenmeterstreken der ein av
bortelaget sine spelarar får ein fot på returen. Trass i ein
lang fot frå Karoline, trillar ballen inn i lengste hjørnet, og
ENK går opp i leiinga. Etter ei stund legg me om til 352 for å
jaga utlikiningsmålet. Sjansane let ikkje venta på seg. Etter 12
minutt kjem Yvonne rundt på høgrekanten og får lagt inn, men
avslutninga frå Sunniva går like over. Også Tone er farleg
frampå, men som resten av laget finn heller ikkje ho fram til
skåringsresepten. Trass i at me står ”mann-mann” mot dei tre
ENK-angriparane defensivt har me relativt god kontroll. Men ti
minutt før slutt må Stine strekka seg for å hindra eit nytt
baklengsmål. Like etter dunkar Linn til frå over 20 meter, men
ENK-keeperen beveger seg kvikt på streken, og greier å stoppa
skotet. Også Mailinn kjem til avslutning, men dette er
definitivt ikkje vår dag innanfor motstandaren sin sekstenmeter.
Sju minutt før full tid skjer derimot det som ”må” skje. Ein
giftig ENK-overgang på høgrekanten endar åleine med keeper. Der
gjer den dyktige kantspelaren få feil og aukar bortelaget si
leiing til 2-0. Etter skåringa døyr kampen litt ut, og mange
innser nok at me må belaga oss på tap. Like før slutt får Yvonne
den siste store sjansen i kampen. Men frå 16 meter går ballen
over mål.
Trass tapet er kampen mot ENK eit steg fram
reint spelemessig. Men me er rett og slett avhengige av betre
effektivitet framover på bana. Skaden til Lina, Tone som
gløymer å eta frukost og fråveret av Marianne er nok litt av
forklaringa. Likevel skapar me så store sjansar at me bør få
betre utteljing. Defensivt kan me vera stolte av jobben me gjer.
Me er aggressive på midtbana, og slepp ikkje dei farlege
kantspelarane meir til enn det ein kan forventa. Etter kvart
vert kampen litt prega av at me ikkje har greidd å skåra, og me
byrjar å stressa og gjera ting litt vanskelegare enn me treng.
Likevel er det ikkje nokon grunn til å deppa etter ein kamp som
kunne ha bikka begge vegar.
|