Bli med på Møllarslaget!
mollarslaget2009.pdf

21. og 22. februar står det store Møllarslaget i Vitalitetssenteret, så stram opp badmintonracketen og meld deg på.

Her stiller det spelarar både frå Bergen og landet ellers, og me satsar på rekordstor deltaking frå eigne rekker, målet er minst 20 kvinner, menn og born.

Kontakt Trond!

Meld deg på innan 10. februar – ta kontakt med:
Trond Garborg, mob: 99 20 67 42, eller e-post:
trond.garborg@aleris.no 

Trond bistår med å finne double- og mixpartner, og er du i tvil om kva nivå du er på,
så hjelper han med å velje rett klasse for deg.

Sjølv blei Trond nyleg kretsmeister i single C, grattis! – så han stiller vel i B-klassen i Møllarslaget?
Kumar tok ein siger i single B i ei turnering i fjor, så kjenner du Trond og Kumar så kan jo dei vere ein målestokk på nivået. J

Me stiller med eigen nybyrjarklasse for borna i U11 og U13.

Me sender ut trekning og oppsett via e-post ei veke før turneringa.

Praktisk informasjon:
Ballar:
* Forza Tornament nr. 3 (A, B, C, U15-U19)
* Yonex Mavis 350 for øvrige klassar
* Arrangørane stiller med to gratis ballar per kamp, ballar utover dette må kjøpast i  sekretariatet.

Turneringa omfattar alle klassar og kategoriar utanom E og Veteran.

Startkontingent:

* A og B – 110/90,-
* C, D, U17 og U19 – 70/90,-
* U11, U13, U15 – 50/70,-

For spelarar som representerer ein av klubbane i Badmintonkretsen Vest dekkar kretsen deltakaravgifta i klassane U11-U19.

Innbetalingsfrist:
13. Februar 2009 til konto nr. 3624 50 15539, merk med ”Møllarslaget”

Overnatting:
Scandic Bergen City Hotell tilbyr billeg hotellovernatting, medan du kan bu gratis på Møhlenpris Skole, 20 meter unna turneringshallen.

For spørsmål kontakt turneringsleiar Are –
are.eidissen@gmail.com

For meir informasjon, sjå pdf-plakat.

Mvh Are Eidissen, turneringsleiar

 


Klubben:
Kontakt oss
Styrene
Historikk
Djervhytten
Informasjon:
Treningstider
Diverse skjema
Aktiviteter:
Fotball
Dommerhjørnet
Badminton
Basket
Innebandy
Idrettskolen