|
Tre gull til Kumar og to til Linda
|
|
Tre gull til Kumar
- Sjølv ein haltande Kumar slo undertegnede i
dag, seier Are Eidissen. Are gjorde sitt beste, men måtte sjå
seg slått 2-0 av suverene Kumar Dhaksama i single-finalen for
herrer, med settsifra 21-15, 21-10. Nokre fall på Bergens-isen
med sykkel var ikkje nok til å stogge Kumar. |
Klubbmesterskapet i Djerv blei avvikla i løpet
av treningane dei siste to vekene, og torsdag 11. desember blei
finalane i både single herrer, mixed double og herre double
spelte. Kumar var på vinnarlaget i samtlege finalar, og kunne
sykle heim med tre gull rundt halsen.
|
|
- Me er kanskje små,
men me er samspelte, seier 15 år gamle Åsmund Garborg. Saman med
Petter Karlsen Wåltorp skal han snart møte Kumar og Endre
Vaagland i double-finalen. Eg har kikka på Endre og Kumar sine kampar, og eg trur ikkje
dei har spelt så mykje saman.
Kumar og Endre tek likevel sigeren 2-0, med settsifra 21-14,
21-14. |
- Nice! ropar Kumar undervegs, både når makker
Endre og 15-åringane på den andre sida av nettet imponerer.
- Dei spelte jxxx bra! Seier Kumar om Åsmund og Petter etter
kampen.
- Hadde me spelt slik me gjorde mot Steinar og Are så hadde me
vunne kampen, seier sølv-vinnar Petter, som ikkje er heilt nøgd
med eigen innsats i finalen.
|
|
|
|
|
|
|
Eg trur Åsmund slår meg under det neste klubbmesterskapet. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Far mot son
2- 0 og single-bronse til Trond Garborg er resultatet etter
bronsefinalen. Trond vinn 21-15, 21-15 over sonen Åsmund.
- No mercy, gliser Trond etter kampen. Men han kjem til å slå meg i løpet av det kommande året. Hugs
at eg er på veg ned, medan han er på veg opp. Eg trur Åsmund
slår meg under det neste klubbmesterskapet. |
- Det seier han berre fordi han er redd eg skal bli sur, fleipar
Åsmund, som nok helst skulle ha vunne alt i år.
- Far vinn som regel alltid. Sjølv om eg ledar så klarar han å
ta settet 22-20, det er heilt utruleg!
|
|
Ingen tuktar Linda
Linda Eide kunne ingen gjere noko med i single-klassen for
damer. Søndag 14. desember vann ho finalen, og Linda tek difor
med seg to gull heim etter klubbmesterskapet.
Saman med Hilde Mari Furnes tok ho gull i double med siger 2-1
over Gøril Grov Sørdal og Anette Berentsen med settsifra 21-19,
20-22, 21-12. |
Men det var tett i rekkene under Linda, i gruppespelet stod både
Anette, Hilde Mari og Gøril att med kvar sin siger og kvart sitt
tap.
Etter å ha rekna ut samla poengsummar blei det klart at Hilde
Mari skulle møte Linda i finalen. Linda vann kampen 2-0, 21-18,
21-15, og Hilde Mari tok sølvet.
Gøril vann bronsefinalen med 2-0 over Anette, 21-15, 21-12.
|
|
|
|
|
|
|
Mixed double til Kumar og Gøril |
|
|
|
|
|
|
|
|
Mixed double til Kumar og Gøril
Av dei tre para i mixed double-klassen kunne Gøril og Kumar ta
med seg gullet heim etter å ha slått både Steinar Thorsen/Hilde
Mari Furnes og Are Eidissen/Anette Berentsen. |
Neste gong håpar badmintongruppa å kunne arrangere
klubbmeisterskapet i løpet av ei helg, men takka vere god
innsats frå arrangementsansvarleg Steinar Thorsen kom alle i mål
med sine kampar også denne gongen.
No ser alle fram mot Møllarslaget på vårparten, der Djerv skal
bite godt ifrå seg.
|